Suevitt
Suevitt er ein breksje, brotstykke-bergart, som finst i samband med meteorittkrater. Bergartsfragmenta viser teikn på sjokk-metamorfose.
Han vart først skildra frå Ries-krateret i Tyskland. Han er òg kjend frå Gardnos-strukturen i Hallingdal.
Namnet kjem frå det latinske namnet på Schwaben, Suevia, der bergarten først vart skildra.
Kjelder
endre- Suevitt. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 5. januar 2014 frå http://snl.no/suevitt.