Sulley Muntari
Sulleyman Ali Muntari eller berre Sulley Muntari (fødd 27. august 1984) er ein fotballspelar frå Konongo i Ghana.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Sulleyman Ali Muntari | ||
Fødd | 27. august 1984 | ||
Fødestad | Konongo | ||
Høgd | 179 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Sunderland | ||
Nummer | 11 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2001-2002 | Liberty Professionals | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002-2007 2007-08 2008- 2011- |
Udinese Portsmouth FC Internazionale Sunderland (lån) |
125 (8) 29 (4) 62 (7) 0 (0) | |
Landslag | |||
2002- | Ghana | 57 (16) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 21. juli 2010 |
Karriere
endreSulley Muntari starta karrieren sin i det ghanesiske Liberty Professionals, som han spelte for frå 2001 - 2002. I 2002 vart han seld til den italienske klubben Udinese, og spela for dei til 2007. Etter det vart han seld til britiske Portsmouth, der han blei verande til 2008 då han reiste tilbake til Italia, denne gongen til klubben Inter. I januar 2011 gjekk han derfrå på lån til Sunderland i engelsk Premier League.
Muntari har spelt for det ghanesiske landslaget sidan 2002. Han deltok m.a. i fotball-VM 2006 i Tyskland, Afrikameisterskapen i fotball i Ghana i 2008, og i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Eit afrikansk lag har aldri kome lenger enn kvartfinalen i VM i fotball, og Ghana tangerte denne rekorden då dei spela kvartfinale mot Uruguay i denne meisterskapen. I denne kampen skåra Muntari 1-0 før pause, men Uruguay utlikna i andre omgang og vann til slutt på straffespark.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sulley Muntari» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2010.