Sunndal skyttarlag

Sunndal skyttarlag vart stifta den 17. mai 1863 og det vart da avgjort at ein skulle melde laget inn i Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug - ein av organisasjonane som leidde fram til det som i dag er Det frivillige skyttervesen. Først 21.- 22. juni 1924 fekk skyttarlaget sin eigen bane. Grunna omlegging av riksvegen, vart denne øydelagt ca 1962. Ny bane kom på plass ca. 1975 med 300m og 100m hald. Han vart lagt på Gravem øvst i Sunndal. Banen vart ombygd i 2004 og vart da utstyrt med elektroniske skiver, no på 200m og 100m. På baneområdet har skyttarlaget òg eit skyttarhus som er mykje nytta til ymse tilstellingar. Knytt til skyttarhuset har no skyttarlaget bygd ein innandørs skytebane for kaliber .22.

Sunndal skyttarlag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer975593894
HovudkontorMusgjerd, 6613 Gjøra

Feltarena: Musgjerd
Skytebane: Gravem
Leiar: Arnfinn Kamsvåg

Adresse: 6613 Gjøra
Nettstadwww.dfs.no/sunndal

Sunndal Skyttarlag har vore og er eit av dei mest aktive skyttarlaga på Nordmøre. Det er via Nordmør Skyttersamlag tilslutta Det frivillige skyttervesen. Av dei meir prominente medlemmene i laget kan nemnast Barbara Arbuthnott som i ei vanskeleg tid for laget gjorde mykje for halda aktiviteten oppe, og Ivar Ivarson Halden - kalla Ivaso. Førstnemnde vert heidra kvart år med skyttarstemnet som er kalla «Lady Arbuthnotts pris». Ivaso fekk òg namnet sitt knytt til eit årleg stemne - feltstemnet Ivasofelten.

Bakgrunnsstoff endre