Sunniva af Geijerstam Hagenlund
(Omdirigert frå Sunniva Hagenlund)
Sunniva af Geijerstam Hagenlund (4.februar 1929–2009) var ein norsk forfattar frå Dale i Fjaler i Sunnfjord.
Sunniva af Geijerstam Hagenlund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. februar 1929 Dale i Fjaler |
Død |
2009 (80 år) |
Sunniva af Geijerstam Hagenlund gav ut ei bok som skildra vennskapet mellom faren Gösta af Geijerstam og forfattaren Sigrid Undset. Ho har tittelen Portrett av et vennskap og kom ut i 1994. Boka er basert på brevveksling mellom dei to.
Bibliografi
endre- 1994 – Portrett av et vennskap (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no