Suva
Suva er hovudstaden og den største byen i Fiji. Byen ligg på søraust-kysten av øya Viti Levu.
Suva | |||
by | |||
Parlamentet i Suva
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 199,400 | ||
Tidssone | UTC +12 (UTC12) | ||
Gjort til hovudstad | 1882 | ||
![]() Suva | |||
Wikimedia Commons: Suva | |||
HistorieEndra
Suva var opphavleg ein landsby på Fiji-øyane. Fiji vart ein britisk koloni i 1874, og britane gjorde offisielt Suva til hovudstad i staden for Levuka i 1882. I oktober 1910 fekk Suva bystatus og vart med det den fyrste byen på Fiji. Suva har utvikla seg til å få mange forstader og har vorte eit større metropol-område. Suva er ein av dei største byane i Sør-Stillehavet.
InnbyggjararEndra
Suva er den viktigaste hamnebyen på Fiji. Han eksporterer m.a. sukker og frukt. Folket i Suva er for det meste fjianarar og indo-fijianarar, men også europearar, kinesarar m.m.
BygningarEndra
I Suva finst University of South Pacific, Fiji Museum, den botaniske hagen Thurston Gardens pluss eit stort shoppingsenter.
TransportEndra
Transportsystemet i Suva består for det meste av bussar og drosjar. Det går også ferjer herifrå til dei andre Fiji-øyane. På øya Viti Levu ligg også lufthamna Nausori International Airport.
GalleriEndra
KjelderEndra
- Suva i Store Norske Leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Suva» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2011.