Suverene baseområde
Suverene baseområde (engelsk: Sovereign Base Areas) er militærbasar som er plasserte på territorium der Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland regjerer, men som er fråskilde frå vanleg britisk territorium.
Dei to einaste suverene baseområda er Akrotiri og Dhekelia som ligg sør på øya Kypros og grensar til republikken Kypros. Republikken var tidlegare ein del av det britiske samveldet.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er omsett frå «Sovereign Base Areas» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2012.
- Engelsk Wikipedia syner til: Woodliffe, John (1992). The Peacetime Use of Foreign Military Installations Under Modern International Law. Martinus Nijhoff Publishers. ISBN 978-0-7923-1879-8. Lese 2009-05-12. side 73