Svanesong er eit omgrep som kan verte nytta om det verket ein diktar eller ein komponist har laga rett før sin død, eller om det siste som ein offentleg person gjorde i sin karriere før karrieren vart avslutta eller tok slutt på meir eller mindre dramatisk vis, og så bortetter. Soleis kan til dømes den siste framsyninga ein markant skodespelar stod for, den siste offentlege tala eller anna aktivitet som ein markant politikar stod for, og liknande, verte omtalt som hans eller hennar svanesong.

Reinier van Persijn, Singender Schwan, Allegorie (Syngjande svane, allegori).

Underforstått ligg det i og for seg i omgrepet at den personen det vert synt til, har prova å ha vore mellom dei fremste i sitt yrke eller si verksemd, slik svanen er den fremste mellom fuglar i venleik. Men det er ikkje uvanleg at omgrepet vert nytta i nøytral meining om det siste han eller ho fekk gjort på sitt område, på godt eller vondt.

Omgrepet svanesong har opphav i ei vanleg, men heilt feil tru at dei kraftige og klagande skrika frå songsvana (Cygnus cygnus) er den songen som svana syng rett før ho døyr, for svaner vart elles rekna for å vere stumme fuglar. I moderne språkbruk vert ordet svanesong òg nytta konkret om songsvana sine skrik.