Svanfossen
Svanfossen er ein foss i elva Vorma, i Fenstad.
Fossen vart bygd ut første gong i 1859, som ein dam som skulle auka vassdjupna i Vorma. Slik kunne ein lettare få til heilårstrafikk mellom Mjøsa og Eidsvoll i dei øvre delane av Vorma mellom Eidsvoll og Minnesund. På denne måten kunne jarnvegen fra Oslo korrespondera med dampbåtane til dei tre mjøsbyane og vidare frakt av menneske og gods frå Lillehammer nordover Gudbrandsdalen til Trondheim. Dammen har vorte utbetra fleire gonger opp gjennom åra. Demninga i si noverande form stod ferdig i 1963 litt nedanfor den første dammen. Staten tok over kontrollen av vassreguleringen i Svanfossen frå 1947.
Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.