Svart messe er ifølgje (katolsk) litterær tradisjon eit ritual der satanistar dyrkar djevelen som ein guddom, forma som ei forvrenging av den katolske messa. Vekta i den litterære tradisjonen ligg på blasfemien og seksuelle innhaldet i den svarte messa.

Illustrasjon av svart messe, teikna av Jules Michelet.

Svarte messer som realitet gjennom historia er omstridd. Det finst noko spekulasjon og skuldingar mot enkeltpersonar. Dokumentasjon er det lite av, men ritual inspirert av den litterære tradisjonen kan ha vorte utført i enkelte grupper også før det 20. hundreåret.

I LaVeys satanisme er ei svart messe eit psykodrama forma for å hjelpe eit spesifikt individ med å kvitte seg med bestemte typar problem. I den tidlegaste fasen handla det ofte om oppgjer med religiøs oppseding, seinare mellom anna om oppgjør med rusidealet til motkulturen.

Det sentrale var at ritualet kvar gong var designa for eitt enkelt menneske og eit konkret problem. Etter tidlig 1970-tal har dei stort sett forsvunne.[1]

Kjelder

endre
  1. «sort messe». Store norske leksikon. Henta 27. mai 2019. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.