Svein Grøndalen

norsk fotballspelar

Svein Grøndalen (fødd 8. februar 1955) er ein tidlegare fotballspelar frå Halden som spelte 77 landskampar for Noreg i tida 1973-84.

Svein Grøndalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. februar 1955 (69 år)
Halden kommune
Idrett fotball

Grøndalen var forsvarsspelar i Raufoss til og med 1974. Frå 1975 til-80 var han Rosenborg-spelar, då han studerte ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. Han spelte på Moss i tida 1981-84, trappa deretter ned forballsatsinga.

Gjennom ti år var Grøndalen ein sikker mann i lagoppstillinga til Noregs landslag, nesten alltid på venstrebacken. Han vart kjend for sin kontante spelestil og har i ettertid fått mykje omtale for ei takling av det svenske landslagsesset Ralf Edström då Noreg i 1977 vann 2-1 over Sverige i ein EM-kvalifiseringkamp, der Edström vart påført ein alvorleg skade.

Merittar endre

  • Norsk meister: 1983 med Moss FK
  • Tapande cupfinalist: 1981 med Moss FK

Kjelder endre