Sven Hannawald

Sven Hannawald (fødd 9. november 1974) er ein tidlegare tysk skihoppar.

Sven Hannawald

Sven Hannawald.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 9. november 1974
Erlabrunn
Idrett skihopping, fotball
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Laghopp

Utmerkingar

Goldene Feder, Baden-Württembergs fortjenstorden, Hall of Fame des deutschen Sports, Sportler des Jahres

I sesongen 1998/99 kom han på 5. plass i verdscupen samanlagt. I 2000 blei han for fyrste gong verdsmeister i skiflyging i Vikersund.

Vinteren 2001/2002 blei Hannawalds største sesong. Som første hoppar i historia, vann han alle fire enkeltrenna i hoppveka. Som første hoppar forsvarte han verdsmeistertittelen i skiflyging, og under OL i Salt Lake City vann han gull i lagkonkurransen og sølv individuelt. I verdscupen kom han på 2. plass.

I sesongen 2003/2004 gjekk det tyngre enn venta, det beste resultatet blei 4. plass i Trondheim.

Våren 2004 blei det kjent at Hannawald leid av såkalla utbrentheit, og at han mottok behandling på ein spesialklinikk. Han la offisielt opp i 2006, etter 2 års fråvære frå verdscupen. Han orka ikkje å trena seg opp igjen, og jobbar nå som ekspertkommentator for tysk fjernsyn.

Nåverande bakkerekordar:

Hannawald bur i Berlin.

KjelderEndra