Sven Tore Jacobsen

Sven Tore Jacobsen (fødd 18. august 1953) er ein tidlegare næringslivleiar, handballspelar og -trenar frå Oslo. Han var landslagssjef for Noregs kvinnelandslag i handball frå 1984 til 1993. Han leia landslaget til sølv- og bronsemedaljar i fire internasjonale meisterskap, så som sølv i Sommar-OL 1988 og Sommar-OL 1992. Javobsen vart tildelt Olavstatuetten i 1994.

Sven Tore Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1953 (70 år)
Idrett handball
Utmerkingar

Olavstatuetten

Jacobsen spelte på Refstad IL sitt handballag frå 1971. Med laget frå Oslo vart han seriemeister tre gongar. I 1979 fekk han jobb og flytta til Trondheim, byrja spele på SK Rapp. Etter å ha vore spelande Rapp-trenar ei tid, tok han sommaren 1981 trenarjobben i Sverresborg IF. Han leia kvinnelaget til triumf i noregsmeisterskapen 1982. Frå 1984 var han norsk landslagssjef på kvinnesida. To år seinare overraska landslaget med å vinne bronsemedaljen i Handball-EM 1986, fyrste gongen eit norsk handballag sikra seg ein internasjonale medalje. Åra framover etablerte det norske mannskapet seg i verdstoppen, sanka sølvmedaljar i to sommar-OL og bronse i Handball-VM 1993 på heimebane.

Kjelder

endre
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.