Svend Balthazar Eriksen (fødd 18. august 1854) var ein norsk forretningsdrivar og stortingsmann frå Stavanger.

Svend B. Eriksen
Fødd 18. august 1854
Død

15. juni 1933

Yrke politikar

Eriksen var son til ein garvarmeister og skipsreiar. Han var sjølv garvarmeister i Stavanger, og var dessutan medeigar i firmaet S. Eriksen. Eriksen var medlem av Stavanger bystyre 1895-1904, i fleire år av formannskapet.

I tida 1898-1903 representerte Eriksen valkrinsen Stavanger og HaugesundStortinget. Han var medlem av næringskomité nr 2 i den fyrste treårsperioden, sekretær i same i den andre perioden. I den andre perioden var han også medlem av Lagtinget.

KjelderEndra