Svinna
Svinna (eller Svinndalselva) er ei elv som spring ut frå Sæbyvannet, renn vestover via Flesjøvannet, og ut i Vansjø ved Roos i Våler kommune i Østfold. Høgdeskilnaden mellom Sæbyvannet (46 m.o.h.) og Vansjø (25 m.o.h.) er 21 meter. Tidlegare vart eit av vassfalla i Svinna nytta til å drive oppgangssaga «Frølandsaga».
Vassdraget strekkjer seg vidare austover til Rusviktjern og sørover til Ravnsjø som begge renn ut i Sæbyvannet. Rusviktjern og Ravnsjø er henholdvsis drikkevasskjelde og reservedrikkevasskjelde for Våler kommune.
Svinna er ei av fire tilførselselvar til Vansjø, og har ei midlere vassføring ved utløpet i Vansjø på 1,6 m³/sek.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Svinna» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2008.