Swedish Metal Aid
Swedish Metal Aid var ei gruppe svenske hardrockarar som gjekk saman om å lage ein singel til inntekt for dei svoltramma i Etiopia i 1986. Resultatet vart singelen Give a Helpin' Hand. I spissen for 120 hardrockarar stod songaren Joey Tempest.
Andre musikarar var Kee Marcello (gitar), Robert Ernlund (vokal), Björn Lodin, Joakim Lundholm, Malin Ekholm, Tommy Nilsson.
Ei innspeling som inspirerte trøndergjengen The Swings til å spele inn Heng med i svingan til inntekt for trafikkskadde tre år seinare.