30 St Mary Axe
(Omdirigert frå Swiss Re)
30 St Mary Axe, er ein svært karakteristisk bygning som også er kjend som Swiss Re Building og The Gherkin (Sylteagurken). Han ligg i City of London og er med sine 180 meter den nest høgaste bygningen i City of London, berre slått av Tower 42. Bygginga starta i 2001, og bygget stod ferdig i 2004. Arkitektane var Foster and Partners, medan konstruksjonsarbeidet blei utført av det svenske selskapet Skanska.
Denne arkitekturartikkelen som har med London å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.