Syndrom som skuldast hjernestammeslag
Syndrom som skuldast hjernestammeslag er ei samnemning for ulike tilstandar som skuldast hjerneslag i hjernestamma. Slike syndrom inneber ofte svekking av nucleus nervi cranialis og dei lange fibrane i ryggmergen. Vanlege symptom er vertigo, ørske og kraftig ubalanse, men utan veikleik i den eine sida av kroppen, som vanlegvis kjenneteiknar hjerneslag. Dei førnemnde symptoma plar å oppstå samstundes; ørske i seg sjølv er ikkje eit teikn på hjerneslag. Hjernestammeslag kan også føre til dobbelsyn, uklår tale og nedsett medvit. Eit meir alvorleg utfall er locked-in-syndrom.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brainstem stroke syndrom» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2015.