Sysselsetjing
Sysselsetjing er eit ord på det at folk er i arbeid. Uttrykket vert til dels brukt som synonym for arbeid i samanheng med arbeidsmarknadsstatistikk. (Næring x gjev sysselsetjing til n mengder arbeidstakarar).
I tider med normal arbeidsløyse brukast uttrykket for å skildre offentleg igangsett verksemd. Denne verksemda treng ikkje å gje umiddelbar økonomisk vinning, men kan også ta sikte på å gjere arbeidstakarar betre eigna til arbeidslivet.
I krisetider kan regjeringa og andre offentlege instansar setje i gang prosjekt for å halde sysselsetjinga oppe. Dette vart på folkemunne kalla for «naudsarbeid» mellom 1930 og 1940.