Systematiske namn er vitskaplege namn som på systematisk vis blir gitt til unike ting eller gjenstandar (f.eks. organismar, kjemiske stoff), med det formål å ordne desse i forhold til kvarandre i ei større samling. Halvsystematiske namn er namn som består av både ein systematisk del og ein ikkje-systematisk del.[1] Systematiske namn er ofte del av ein nomenklatur.

Det å lage systematiske namn kan gjerast nokså enkelt ved å tilordna tal eller forstavingar til objekta (som i nummerering). Meir kompleks namnsetting kan innebere å innlemme informasjon om heile strukturen til objektet, i namnet.

Det har blitt laga systematiske namn for m.a. grunnstoff (IUPAC), kjemiske stoff (IUPAC), organismar (binær nomenklatur), astronomiske objekt (Den internasjonale astronomiske unionen), gen (HGNC), protein, mineral (International Mineralogical Association), og monoklonale antistoff.

Kjemi endre

Systematiske kjemiske namn inneheld informasjon om strukturen, og kan seie noko om eigenskapane, til eit kjemisk stoff. Den internasjonale unionen for rein og bruksretta kjemi, IUPAC, definerer systematiske namn i boka Compendium of Chemical Terminology som «namn som i sin heilskap består av særlege eller utvalde stavingar, med eller utan numeriske forstavingar (f.eks. pentan, oksazol).»[1]

Eksempel på systematiske namn er dihydrogenoksid (vatn), 2-hydroksypropansyre (mjølkesyre) og metansyre (maursyre).

Eksempel på halvsystematiske namn er benzamid (benzenkarboksamid), benzoylklorid (benzenkarbonylklorid) og 2-nitrobenzaldehyd (2-nitrobenzenkarbaldehyd).

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 IUPAC, red. (1997). Compendium of Chemical Terminology, 2nd ed. (the "Gold Book"). Oxford: Blackwell Scientific Publications. ISBN 0-9678550-9-8. doi:10.1351/goldbook.  [Compiled by A. D. McNaught and A. Wilkinson. Online version (2019-) created by S. J. Chalk.]