Tableau vivant (fransk for 'levande bilde') er ei iscenesetting med levande menneske som statisk framstiller ei hending eller eit kunstverk.[1]

Ballettgruppe i Mariinskijteateret i St. Petersburg i 1890.

Slike iscenesettingar fanst allereie blant dei gamle romarane, og spreidde seg til Austromarriket. Keisarinne Teodora var ein meister innan sjangeren. Dei blei også brukte til å framstilla lidingshistorier i mellomalderen.[1] Tableau vivant blei utbreidde att på 1700-talet. Dei blei innførte av Madame de Genlis ved hoffet til hertugen av Chartres (Philippe Égalités) med hjelp av målarane Jacques-Louis David og Jean-Baptiste Isabey. Britiske lady Hamilton framstilte antikke statuar i denne forma.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «tableau vivant | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 28. desember 2021 
 Materiale frå Nordisk familjebok, «Lefvande bilder», 1913.