Urfolket på Taiwan er eit austronesisk folkeslag som er etterkommarar av folket som budde på øya Taiwan før han-folket kom dit som innvandrarar1600-talet.

Ein rukaihøvding besøker antropologiinstituttet på Tokyo keisarlege universitet under tida då Taiwan var japansk styrt.
Kvinne frå bununfolket like før ein danseopptreden i 1989.
Foto: Jeremy Kemp

Dei fleste stammane som vert rekna som urfolk av Republikken Kina bur i høglandet på Taiwan og snakkar ulike formosiske språk, som vert rekna som ei grein av dei austronesiske språka. I 2004 var det til saman om lag 400 000 innbyggjarar som høyrde til desse stammane. Dette utgjer rundt 2 % av innbyggjarane på Taiwan.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Taiwanske urfolk
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.