Takk (norrønt þǫkk) er ei kjensle av skyldnad eller takksemd eller det å gje uttrykk for ei slik kjensle.[1] Ein kan uttrykka takkar munnleg, gjennom ord som «takk», «tusen takk» o.l.) eller takketalar; gjennom gestar som vinking, applaus eller å gje gåver, eller skriftleg gjennom til dømes brev eller takkekort.

Ein ryttar takkar hesten sin med ein klapp.

Takkar er del av mange høflege formuleringar, som «takk for sist» når ein møter nokon igjen, «takk, berre bra» når nokon spør korleis det går eller «sjølv takk» som svar på ein takk.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre