Takksemd eller takk er eit teikn på glede og velvilje over noko blir gjort til gagns for ein, til dømes som svar når ein mottek ei gåve, får godord eller ei helsing og liknande. Den som gjer noko til gangs for ein annan kan svare på takken med frasen «ver så god».

Ordet er eit arveord som i dei nordiske språka har kome av germansk þankō, som er verbalsubstantiv til rota i ordet for tenkje (jamfør tysk Dank ‘takk’ og Gedanke ‘tanke’). Ordet har òg samanheng med tekke ‘tiltalande åtferd’ og tekkjast ‘gjere til lags’.

KjelderEndra