Opna hovudmenyen

Talgsjøen er ein fjord i Kristiansund og Aure kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover til der Vinjefjorden, Halsafjorden og Freifjorden møter kvarandre. Fjorden ligg hovudsakleg mellom øya Golma i Aure, tidlegare Tustna kommune, og Nordlandet i Kristiansund.

Fjorden har innløp frå Norskehavet mellom Kastnotskjæra i nordaust og Kleppen på nordsida av Kristiansund i sørvest. Frå Seivika på søraustsida av Nordlandet går det ferje over til TømmervågTustna.