Tangen på Fitjar

Tangen er ein gard på sørenden av øya Ålforo i Fitjar kommune med Engesundsleia og Nyleia i aust, sør og vest. Den næraste nabogarden i nord er Fattigmannshavn.

Tangen
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 44
Ferdselsårer Ingen

Garden var opphavleg ein husmannsplass under Fitjargarden, men vart skyldsett i 1723 og vart frå då av rekna som ein eigen gard. I 1755 selde Ole Michelsen Tosche, som då eigde Fitjargarden, til brukaren Johannes Larsson, og frå då av har brukarane eigd garden.

Garden har fått namn etter neset eller tangen han ligg på. Namnet har stort sett vore skrive Tangen, medan daglegnamnet er Tongjo.

Kjelder

endre
  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.