Taninganway Min
Taninganway Min (1689–1733) var ein konge frå Toungoo-dynastiet i Burma (Myanmar) frå 1714 til 1733. Under hans regjeringstid blei den langvarige nedgangen til Toungoo-dynastiet synleg i form av indre og ytre uro i riket. Allereie då han kom på trona gjorde onkelen hans, som var guvernør i Pagan, opprør.[1] I nordvest utførte manipurifolk til hest raid på burmesisk territorium tidleg i 1724. Ein gjengjeldingsekspedisjon til Manipur i november 1724 feila. I aust gjorde sørlege Lan Na (Chiang Mai), som hadde vore under burmesisk styre sidan 1558, opprør i 1727.[3] Taninganway prøvde å ta tilbake regionen to gonger, men makta det ikkje.[4] I 1732 var Lan Na sjølvstendig, men ein mektig burmesisk garnison i Chiang Saen nord i regionen avgrensa opprørsområdet til Ping-dalen rundt Chiang Mai.[5]
Taninganway | |||
Konge av Burma | |||
Regjeringstid | 12. september 1714–12. desember 1733 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Thiri Parawa Maha Dhamma Yaza Dipadi | ||
Fødd | ca. juni/juli 1689 | ||
Fødestad | Ava (Inwa) | ||
Død | 12. desember 1733 (44 år gammal) 6. aukande månedag i natdaw 1095 etter den burmesiske kalenderen[note 1] | ||
Dødsstad | Ava | ||
Føregangar | Sanay Min | ||
Etterfølgjar | Mahadhammaraza Dipadi | ||
Gift med | Thiri Maha Mingala Dewi[1] Thiri Dewi Sanda Dewi | ||
Dynasti | Taungoo-dynastiet | ||
Far | Sanay | ||
Mor | Maha Dewi[2] | ||
Born | Mahadhammaraza Dipadi |
I 1724 gjorde U Kala ferdig Maha Yazawin ('Den store krøniken'), den første omfattatande nasjonale krøniken for burmesisk historie, basert på eldre kjelder.[3]
Notar
endre- ↑ (Hmannan Vol. 3 2003: 365–366): The king died on Saturday, 9th waxing of Natdaw 1095 ME. But (9th waxing of Natdaw 1095 / 15 December 1733) was a Tuesday. The date 9th waxing is likely a typographical / copying error since in Burmese numbers 6 (၆) and 9 (၉) are close. It should have been (6th waxing of Natdaw 1095).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Taninganway Min» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Litteratur
endre- Harvey, G. E. (1925). History of Burma: From the Earliest Times to 10 March 1824. London: Frank Cass & Co. Ltd.
- Lieberman, Victor B. (2003). Strange Parallels: Southeast Asia in Global Context, c. 800–1830, volume 1, Integration on the Mainland. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-80496-7.
- Royal Historical Commission of Burma (1829–1832). Hmannan Yazawin (på burmesisk) 1–3 (2003 utg.). Yangon: Ministry of Information, Myanmar.