Tannstong er ei stong med tenner i inngrep med eit tannhjul. Det kan vera tannhjulet som driv tannstonga, eller tannstonga som driv tannhjulet. Ein kombimasjon av eit tannhjul og ei tannstong vert nytta for å omforma ei roterande rørsle til ei lineær rørsle, eller omvendt[1]. Ei tannstong kan sjåast på som ein del av perifierien av eit tannhjul med uendeleg stor diameter.

Tannhjul i inngrep med ei tannstong.

Ei eldre form for tannstong er ein skjerding, nytta for å henga ei gryte over elden i ei grue.

Referansar endre

  1. Naval Education and Training Program Development Center, Basic machines and how they work, Dover Publ., 1994.