Tansøya

(Omdirigert frå Tansøy)

61°29′43″N 04°57′45″E / 61.49528°N 4.96250°E / 61.49528; 4.96250

Tansøya
øy
Fylke Vestland
Kommune Kinn kommune
Høgaste punkt 60 moh.

Tansøya er ei øy i Kinn kommune i Vestland fylke. Eit smalt sund, som det går vegbru over, skil ho frå øya Askrova i nord.

I ein heller på Tansøya finst det spor etter busetjing frå bronsealder eller jernalder og ei nausttuft frå jernalder eller mellomalder.[1] På 1800-talet vart det oppretta sildesalteri på øya. Ho fekk telegraflinje på 1860-talet.

Folketalsutvikling

1801[2] 1900[3]
21 49

Kjelder endre

  1. Riksantikvaren - Kulturminnesøk
  2. Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet
  • Albert Abramson Joleik, Soga om Flora - soga fram til 1801 (Flora sogenemnd, 1980)
  • Harald J. Stavang, Flora - Kulturhistorisk vegvisar (Selja forlag, 1999)