Tanzaniansk shilling
Tanzaniansk shilling (swahili shilingi, engelsk shilingi) er valutaen i Tanzania. Han er oppdelt i 100 senti (eng. cent). Den tanzanianske shillingen blei innført i 1966 og erstatta austafrikansk shilling. Den nye valutaen kom i bruk frå 14. juni 1966 med same nominelle verdi som den føre.[1]
Tanzaniansk shilling | |||
| |||
Land | Tanzania | ||
---|---|---|---|
Delt i | 100 cent | ||
Innført | 1966 | ||
Myntar | 50, 100, 200 | ||
Setlar | 500, 1000, 2000, 5000 og 10 000 |
Tidlegare mynteiningar i Tanzani er austafrikansk florin, austafrikansk rupi, zanzibarsk rupi, zanzibarsk riyal og tysk austafrikansk rupi.
Myntar
endreVed innføringa av shillingen i 1966 blei det sett i sirkulasjon myntar på 5, 20 og 50 cent og dessutan 1 shilling. I takt med inflasjonen har ein gradvis innført myntar med høgare verdi. Myntar som er i sirkulasjon i dag er verdt 50, 100 og 200 shilling.
Setlar
endreI 1966 innførte Benki Kuu Ya Tanzania pengesetlar med verdiane 5, 10, 20 og 100 shilling. Desse har gradvis blitt erstatta av myntar. Setlar som er i sirkulasjon i dag har verdiane 500, 1000, 2000, 5000 og 10 000 shilling.
Kjelder
endre- ↑ Linzmayer, Owen (2012). «Tanzania». The Banknote Book. San Francisco, CA: www.BanknoteNews.com.
- Denne artikkelen bygger på «Tanzaniansk shilling» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2019.