Tars
knokkel i fotrota
Hos firbeinte virveldyr, tetrapodar, er tars eller tarse, latinsk tarsus, ei klynge av leddelte bein i kvar fot mellom den nedre enden av tibia og fibula av leggen og mellomfoten. I foten er tarsen forbunde med beina i mellomfoten, som igjen har ledd mot bein i dei einskilde tærne. Leddet mellom tibia og fibula ovanfor og tarsen nedanfor er referert til som okleleddet.
Hos fuglar er tilsvarande bein i tarsen omdanna, det ein kallar tars er den ofte lange og mest synlege delen av foten, mellom leggen og tærne.
I menneskefoten er det største beinet i tarsen kalla calcaneus, som er det vektbærande beinet i hælen.
Kjelder
endre- Første utgåva av artikkelen byggjer på «Tarsus (skeleton)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2011