Tefillín
Tefillín (hebr. תְּפִלִּין, תְּפִילִּין [təfillīn]) eller bønereimer er namnet på to småe lêrboksar som inneheld mellom anna bøna Sjemá‘ Jisraél og som blir bundne med lêrreimer i panna og på den eine overarmen under morgonbøn på vanlege kvardagar av tradisjonelle rabbanittiske jødar — anten berre av menn (vanlegast i ortodoks jødedom) eller òg av kvinner (vanleg i konservativ jødedom og unntaksvis òg i ortodoks jødedom).
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |