Teiknefilmfiguren Sandmann

Sandmann er ein teiknefilmfigur som vert senna i dei tyske fjernsynskanalane RBB, MR og KI.KA. I Noreg var Sandmann kalla Jon Blund.

Teiknefilmfiguren Sandmann

I 1959 tok både vest- og austtysk fjernsyn til å senda Sandmann-teiknefilmar. Det synte seg at den austtyske Sandmann var den mest populære og i 1962 vart dei vesttyske sendingane lagt ned. Det statskontrollerte fjernsynet i Austtyskland nytta høvet til å framstilla Sandmann som «ein god kommunist», men på grunn av at han var svært godt laga var han likevel svært populær, både i Aust- og i Vesttyskland.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.