Tekir ambarı
36°23′N 33°55′E / 36.383°N 33.917°E
Tekir ambarı er ei stor cisterne i Silifke i provinsen Mersin i Tyrkia. Ho ligg vest for sentrum av byen og aust for Silifkeborga. Cisterna vart bygd dei første åra av Austromarriket. Byggmaterialet er fasadestein. Frå vest til aust måler cisterna 46 meter og frå nord til sør 23 meter. Cisterna er 14 meter djup og kan ta 12 000 tonn vatn. På austsida av cisterna går det ei spiraltrapp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tekir ambarı» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2012.