Teknikk
Teknikk (frå gr. τέχνη (téchne), 'handverk, dugleik, kunst') er ein måte å utføra ei oppgåve på. Omgrepet vert ofte nytta om arbeidsoppgåver krev øving eller læring. Teknikk kan lærast på eiga hand, eller ved kurs, skulegang, og så vidare. Ein person som har ein god teknikk vert sett på som dugande. Teknikk vert ofte nytta om måtar, eller metodar, nytta innan ulike primærnæringar, kunst, handverk, industri.