Teleologi (av gresk telos, 'føremål' og -logi) er ideen om at naturprosessar er styrte ut frå føremål som er utforma på førehand og ikkje ut frå føregåande årsaker. Slike føremål kan vera bevisste eller ubevisste.

Teleologi er brukt om føremålsmessige forklaringsprinsipp, og kan stå som motsats til årsaksforklaringer. Eit døme på teleologi kan til dømes vera at ein meiner augo er blitt utforma slik dei er for at dei skal kunna brukast til å sjå med, slik at strukturen er bestemt av funksjonen.

Teleologi var det dominerande forklaringsprinsippet i vitskapen frå antikken og gjennom mellomalderen. Med utviklinga av dei nye naturvitskapane på 1600-talet prøvde ein å systematisk erstatta hensiktsårsaker med mekanistiske og kausale forklaringstypar.

Kjelder endre