Terje Ånonsson Fidjeland (13. juni 18651. april 1914) var ein børsemakar frå Vegusdal, busett på Fosstveit i Iveland.

Fidjeland dreiv som børsemakar og oppfinnar før han i 1897 kjøpte bruket Fosstveit i Iveland. Her «gjekk han straks i gang med å reisa ein verkstad med moderne maskiner, og løyste kraftspørsmålet med å bygja stem for» Kinnefossen. Han laga eit nytt gevær meint til bruk i den norske hæren, men «tapte i tevlinga med Krag og Jørgensen». «Seinare arbeidde han med halv-automatvåpen, og nådde langt». Han døydde av «lungebrann».

Kjelder endre

  • Iveland I Gards- og ættesoge, s. 542.