Thermódon
(Omdirigert frå Terme-elva)
Terme Çayı (tyrkisk) eller Thermódon (gresk Θερμώδων) er ei elv i distriktet Terme, nord i det sentrale Tyrkia mellom byane Ordu og Samsun. Elva renn om lag 50 km aust for kystbyen Samsun og munnar ut i Svartehavet.
Regionen består av ei frodig, heller avsidesliggande slette. Det ligg høge fjell i sør og aust og elva Yeşilırmak renn lenger vest.
I gresk mytologi låg den legendariske hovudstaden til amasonane, Themiskyra, ved elva Thermodon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Terme River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2012.