Terra Firma Islands

Terra Firma Islands er ei lita øygruppe som ligg 8 nautiske mil (15 km) nord for Cape Berteaux, utanfor vestkysten av Graham Land i Vest-Antarktis. Ho vart grovt kartlagd av British Graham Land Expedition (BGLE) i 1936. Namnet «Terra Firma Island» vart nytta om den største øya (Alamode Island), fordi eit depotlaget til BGLE slo leir her etter at havisen braut opp. Sidan vart namnet Terra Firma Islands nytta om heile gruppa.

Terra Firma Islands
øy
Land  Antarktis
Koordinatar 68°42′S 67°32′W / 68.700°S 67.533°W / -68.700; -67.533
Kart
Terra Firma Islands
68°42′00″S 67°32′00″W / 68.7°S 67.5333°W / -68.7; -67.5333
Terra Firma Islands is located in Antarktis
Terra Firma Islands (Antarktis)

Terra Firma Islands er det sørlegaste punktet i verda der det veks gras (antarktisk hårgras) og blomar (antarktisk perleurt) naturleg.[1]

Sjå òg

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Terra Firma Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).


Kjelder

endre
  1. «Frozen Under». National Geographic Magazine. Henta 16. oktober 2012.