The Amazing World of Gumball

The Amazing World of Gumball (norsk tittel: Gumballs fantastiske verden) er ein britisk-amerikansk animert komiserie skapt av Ben Bocquelet for Cartoon Network. Serien er hovudsakleg produsert av Cartoon Network Studios Europe og hadde premiere 3. mai 2011. Han handlar om livet til tolvåringen Gumball Watterson, ein blå katt, og adoptivbroren og bestevennen hans Darwin, ein gullfisk. Dei bur i den fiktive byen Elmore og blir ofte involverte i påfunn rundt omkring i byen, medan dei samhandlar med familiemedlemmane sine; veslesystera Anais, mora Nicole og faren Richard, i tillegg til fleire andre rollefigurar.

The Amazing World of Gumball
Norsk tittel: Gumballs fantastiske verden
Typeanimert TV-serie
SjangerBarne-TV, situasjonskomedie, surrealistisk humor, komiserie, fantasy-tv-serie
OpphavslandStorbritannia, USA
Sesongar7
Episodar240
Lengd11 minutt
Språkengelsk
SkaparBen Bocquelet
RøysterLogan Grove, Kwesi Boakye, Kyla Kowalewski, Teresa Gallagher, Jacob Hopkins, Terrell Ransom Jr., Yumiko Kobayashi, Junko Takeuchi, Yoshinori Mutō, Yukiko Hinata, Mai Yamane
Periode3. mai 2011–
24. juni 2019
KanalCartoon Network

Eit markant særtrekk med serien er det visuelle stilistiske mangfaldet. Figurane er designa, filma og animerte ved bruk av fleire ulike stilar og teknikkar, mellom anna tradisjonell animasjon, dokketeater, CGI, stop-motion og realfilm.

Serien har tidlegare vore vist på NRK Super.[1]

Kjelder

endre
  1. «Gumballs fantastiske verden». NRK TV. 14. februar 2016. Henta 31. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Amazing World of Gumball
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.