The Magnetic Fields

The Magnetic Fields er ei USA-amerikansk popgruppe som vart grunnlagd i 1990 og har halde fram til i dag. Medlemene er Stephin Merritt (song, tekstar, ukulele og keyboard), Claudia Gonson (perkusjon og song), Sam Davol (cello og tverrfløyte) og John Woo (banjo og gitar). Dei er kanskje mest kjende for eit trippelalbum frå 1999 med tittelen 69 Love Songs.