The Midnight Gospel
The Midnight Gospel er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Pendleton Ward og Duncan Trussell. Det er den første animerte produksjonen frå Ward for Netflix. Serien går føre seg i ein dimensjon kjend som «The Chromatic Ribbon» og handlar om spacecastaren Clancy som eig ein forboden multivers-simulator. Gjennom denne reiser han gjennom verder som er i ferd med å gå under og intervjuar nokre av innbyggjarane for «spacecasten» sin.[1] Programmet er gjesta av mellom andre Phil Hendrie, Stephen Root, Drew Pinsky, Trudy Goodman, Jason Louv, Caitlin Doughty, Damien Echols, Maria Bamford, Joey Diaz, David Nichtern, og Deneen Fendig.
| |||
Type | animert TV-serie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | komiserie, animasjon for voksne | ||
Opphavsland | USA | ||
Sesongar | 1 | ||
Episodar | 8 | ||
Lengd | 20–36 min. | ||
Språk | Engelsk | ||
Skapar | Pendleton Ward, Duncan Trussell | ||
Kanal | Netflix | ||
Biletformat | 16:9 |
The Midnight Gospel vart utgjeve på Netflix den 20. april 2020.
Kjelder
endre- ↑ Flook, Ray (19. april 2020). «The Midnight Gospel Transmits Countdown Clock from Chromatic Ribbon». Bleeding Cool. Henta 20. april 2020.