The New Folk Sound of Terry Callier

album av Terry Callier
The New Folk Sound of Terry Callier
Studioalbum av Terry Callier
Språk angloamerikansk
Utgjeve 1968
Sjanger Folk
Lengd 37:41
Selskap Prestige
Produsent Samuel Charters
Terry Callier-kronologi 
The New Folk Sound of Terry Callier Occasional Rain
(1972)


The New Folk Sound of Terry Callier er debutalbumet til den amerikanske visesongaren Terry Callier gjeve ut i 1968, kring tre år etter albumet vart spelt inn. Dette var truleg nokre år for seint, då visesongen var blitt mindre populær.[1]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Alle songane på albumet er coverversjonar av folkeviser, ofte framført med eit visst jazzpreg med Callier på vokal og akustisk gitar og stundom bass frå anten Terbour Attenborough eller John Tweedle.

Callier byrja å spele på viseklubbar og kafear i Chicago i midten av 1960-åra, der han vart sterkt inspirert av musikken til John Coltrane. Han møtte Samuel Charters i Prestige Records i 1964, og året etter spelte dei inn debutplata hans. Charters skal ha blitt så rørt av musikken at han forsvann til Mexico med masterlydbanda. Callier sa: «Alt eg veitt er at eg hadde spelt inn noko for Prestige og at det ikkje kom ut. Kring eit og eit halvt år seinare møtte eg Samuel og spurte han kva som hadde skjedd. Han sa han hadde reist til Mexico i ein provins der det var mange indianarar og han berre lytta til musikken og åt sop.»[2] Albumet vart derfor ikkje gjeve ut før i 1968.

I oktober 2018 gav Craft Recordings ut albumet på ny i høve 50-årsjubileumet til utgjevinga. Plata kom då i ei luksusutgåve med sju bonusspor. Fem av desse var ikkje gjevne ut før.

Innhald endre

Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«900 Miles»5:05
2.«Oh Dear, What Can the Matter Be»2:50
3.«Johnny Be Gay If You Can Be»4:20
4.«Cotton Eyed Joe»5:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«It's About Time»Kent Foreman, Lydia Wood3:25
6.«Promenade in Green» 4:00
7.«Spin, Spin, Spin»Kent Foreman3:05
8.«I'm a Drifter»Travis Edmonson8:50
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Be My Woman»5:20
10.«Jack O' Diamonds»5:32
11.«The Golden Apples of the Sun»6:35
Bonusspor på 2018-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Jack O'Diamonds»5:37
10.«Golden Apples of the Sun»6:40
11.«Promenade in Green» (opptak 1)3:54
12.«Be My Woman» (opptak 1)5:46
13.«900 Miles» (opptak 1)5:02
14.«It's About Time» (opptak 2)3:28
15.«Oh Dear, What Can The Matter Be» (opptak 2)2:51

Medverkande endre

  • Terry Callier - akustisk gitar, vokal
  • John Tweedle - bass
  • Terbour Attenborough - bass

Kjelder endre

The New Folk Sound of Terry CallierDiscogs.

  1. 1,0 1,1 Ankeny, Jason. The New Folk Sound of Terry CallierAllmusic
  2. «Music: Coltrane, Mayfield... Terry Callier?», The Independent, 30. januar 1998, henta 14. april 2019