The whole world is watching

«The whole world is watching» (norsk «heile verda ser på») var eit ikonisk, taktfast slagord som antikrigsdemonstrantar ropte utafor Chicago Hilton Hotel under Demokratane sitt landsmøte i 1968 i Chicago.

Hendinga vart send frå opptak onsdag kveld den 28. august, under den tredje dagen av landsmøtet. Demonstrantane byrja å rope dette då politiet fjerna dei med politibilar[1] etter at demonstrantane blokkerte Michigan Avenue føre hotellet.

Den spontane slagordet vart raskt kjend. Året etter var det tittelen på ein fjernsynsfilm om studentaktivisme.

The Chicago Transit Authority endre

Spor 10 på debutplata til rockebandet Chicago frå 1969, då kjend som CTA (The Chicago Transit Authority), brukte verkelege lydklipp frå ropa, «The whole world is watching.» Sporet heiter «Prologue, August 29, 1968» og er 57 sekundar langt. Ropet heldt fram inn i neste song, «Someday (August 29, 1968)» men vert tona ut etter nokre sekund, og kjem attende igjen i midten av songen.

Kjelder endre