Theodor Abildgaard

Theodor Frederik Scheel Abildgaard (29. september 182622. desember 1884) var ein av leiarane i thranittarrørsla. Abildgaard var mellom anna redaktør i Christiansandsposten og Arbeider-foreningernes Blad.

Theodor Abildgaard
Fødd29. september 1826
Arendal
Død22. desember 1884 (58 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeredaktør

Då Abildgaard kom inn i thranittarrørsla var han student. Han vart raskt ein av dei leiande i rørsla, ved sida av Marcus Thrane sjølv. I 1850 representerte han Kristiania Arbeiderforening på arbeidarkongressen, der han la fram eit forslag til ei ny grunnlov. På denne kongressen vart organisasjonen sterkt radikalisert. Abildgaard var ein moderat reformist, og interesserte seg mykje for stortingspolitikk, i motsetnad til Thrane, som var meir radikal. Intern usemje med dei mest radikale arbeidarane rundt hattemakar T. Knudsen, saman med press utanfrå, gjorde at Thrane i slutten av 1850 overlét leiinga over thranittarane sin organisasjon, og Arbeider-foreningernes Blad, til Abildgaard.

Det at Abildgaard tok over roret endra skulle føra til store endringar i thranittarrørsla. Oppgåva hans var å gje thranittarane makt gjennom Stortinget ved lobbyverksemd. Men Abildgaard endra heile organisasjonen, både politisk og organisatorisk. Han sette etterkvart Thrane ut av sentralleiinga og tok uttrykkeleg avstand frå sosialismen. Thrane-mottoet «Enighed gjør stærk» vart byta ut med «Brødre, elsker hverandre». Abildgaard lukkast ikkje med lobbyismen sin, og arbeidarrørsla vart uroleg. Thrane hadde nok autoritet til å hindra opptøyar i Oslo, men situasjonen var uroleg elles på Austlandet og i Trøndelag.

Ved arbeidarkongressen 10.—17. juni 1851 røysta eit fleirtal mot Thrane og Abildgaard for ein revolusjon. Etter kongressen, den 7. juli, vart Abildgaard, saman med Thrane og andre, arrestert for å ha lagt «revolusjonære planar». Styresmaktene byrja deretter å rettsforfølgja store delar av rørsla. I fengselet, medan styresmaktene gjorde kva dei kunne for å knusa restane av arbeidarrørsla og granskingskommisjonen avgjorde framtida for dei involverte, braut Abildgaard med Thrane, og starta si eiga, rivaliserande avis. På grunn av dei interne stridane og det at alle leiarane var fengsla, fall thranittarrørsla saman.

Granskingskommisjonen dømde over 100 arbeidaraktivistar. Abildgaard vart i 1854 dømd til 4 års straffarbeid. Etter at han hadde sona straffa si, budde han i Oslo resten av livet, men vart aldri aktiv i politikken att. Han var ei stund kasserar ved fattigvesenet.

Kjelder endre