Theophilus er eit markant ringfjellmånen som ligg mellom Sinus Asperitatis i nord og Mare Nectaris i søraust. Det går delvis inn i det nesten like store Cyrillus i sørvest. I aust ligg det mindre krateret Mädler og lenger sør-søraust ligg Beaumont.[1] Han vart kalla opp etter den koptiske paven Theofilos (Theophilus) av Alexandria.[2]

Theophilus

Mosaikk av Lunar Orbiter 4-bilete
Koordinatar11°24′S 26°24′E / 11.4°S 26.4°E / -11.4; 26.4
Diameter100 km
Djupne3.2 km
Colengdegrad333° ved soloppgang
EponymTheophilus frå Alexandria
Plasseringa til Theophilus
Skrått syn på den sentrale delen av Theophilus frå Apollo 16.

Theophilus, Cyrillus og Catharina dannar ei markant gruppe store krater som er synlege ved terminator fem dagar etter nymåne.

Kanten av Theophilus har ein vid, terrassert indre flate som syner indikasjonar på jordras. Veggane er 4,6 km høge og har brote inn i krateret Cyrillus.[3] Det vart skapt under eratosthenium frå 3,2 til 1,1 milliardar år sidan. Det har eit stort sentralt fjell, 1400 meter høgt, med fire toppar.[2]

Botnen i krateret er relativt flatt. Den vestlege toppen på sentralfjellet heiter Psi (ψ), den austlege Phi (φ), og den nordlege Alfa (α) Theophilus. Vestsida av denne ryggen er vidare og meir irregulær.[4]

Under Apollo 16 vart det samla inn fleire bitar av basalt som ein trur er kasta ut under danninga av Theophilus.[5]

Satellittkrater endre

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Theophilus.[6]

Theophilus Breiddegrad Lengdegrad Diameter
B 10.5° S 25.2° E 8 km
E 6.8° S 24.0° E 21 km
F 8.0° S 26.0° E 13 km
G 7.2° S 25.7° E 19 km
K 12.5° S 26.3° E 6 km
W 7.8° S 28.6° E 4 km

Kjelder endre

  1. «Moon - Theophilus crater region». astrosurf.com. Henta October 16, 2007. 
  2. 2,0 2,1 Autostar Suite Astronomer Edition. CD-ROM. Meade, April 2006.
  3. Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co.. ISBN 0-304-35469-4.
  4. Rükl, Antonín (1990). Atlas of the Moon. Kalmbach Books. ISBN 0-913135-17-8. 
  5. «Apollo 16 Mission». Lunar and Planetary Institute. Henta October 16, 2007. 
  6. Bussey, B.; Spudis, P., (2004). The Clementine Atlas of the Moon. New York: Cambridge University Press. ISBN 0-521-81528-2.