Theresa Eslund
Theresa Eslund (fødd Theresa Nielsen fødd 20. juli 1986) er ein dansk tidlegare fotballspelar.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 20. juli 1986 | ||
Fødestad | Danmark | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
–2002 | Hvidovre | ||
2003–2008 | Ballerup-Skovlunde | ||
2009–2017 | Brøndby | 87 | (13) |
2017 | Vålerenga | 22 | (2) |
2018–2019 | Seattle Reign | 41 | (1) |
2018–2019 | → Melbourne City (lån) | 12 | (0) |
2020–2021 | Brøndby | 29 | (3) |
Landslag | |||
2008–2020 | Danmark | 133 | (5) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022 |
Spelarkarriere
endreNielsen var med å vinne den danske Elitedivisionen med Brøndby ei rekkje gongar. I 2012 vart ho kåra til årets kvinnelege fotballspelar i Danmark.[1]
Før 2017-sesongen signerte Nielsen for Vålerenga i Toppserien. Ho vart i 2017 rangert som nr. 52 på lista over dei 200 beste kvinnelege fotballspelarane i verda av The Offside Rule, ein podcast av The Guardian.[2][3] Ho spela totalt 26 kampar og scora to mål for Vålerenga i 2017-sesongen, og var med på å spele laget til cupfinale.[4]
I januar 2018 signerte Nielsen for amerikanske Seattle Reign FC.[5] I november 2019 vart det kjent at Eslund vende tilbake til Brøndby.[6]
I mai 2021 kunngjorde Eslund at ho la opp som fotballspelar.[7]
Eslund spela 133 kampar for det danske A-landslaget, og scora fem mål.[8] I EM 2017 scora ho målet som sende Danmark til semifinale etter å ha slege Tyskland 2–1.[9] Danmark tok til slutt sølv i meisterskapen.
Privatliv
endreEslund gifta seg i 2018, og i 2019 bytta ho etternamn frå Nielsen til Eslund.[10][11]
Kjelder
endre- ↑ Trolle, Steen (12. november 2012). «THERESA NIELSEN ÅRETS FODBOLDSPILLER». Fodbold for piger (på dansk). Henta 16. september 2022.
- ↑ «52. Theresa Nielsen». The Offside Rule (på engelsk). 15. desember 2017. Henta 16. september 2022.
- ↑ «The Top 100 Women’s Footballers of 2017 – Results». The Offside Rule (på engelsk). 11. desember 2017. Henta 16. september 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Theresa Nielsen - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 16. september 2022.
- ↑ FC, Reign (31. januar 2018). «Seattle Reign FC Sign Danish International Theresa Nielsen». Medium (på engelsk). Henta 16. september 2022.
- ↑ «Inden topbrag: Theresa Nielsen tilbage i Brøndby-trøjen». brondby.com (på dansk). Henta 16. september 2022.
- ↑ «Dansk landsholdslegende stopper karrieren - TV 2». sport.tv2.dk (på dansk). 23. mai 2021. Henta 16. september 2022.
- ↑ DBU. «Landsholdsdatabasen». DBU (på dansk). Henta 16. september 2022.
- ↑ «Vålerenga-spiller sørget for dansk EM-bragd». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 16. september 2022.
- ↑ Gronemann, Steffen (8. februar 2018). «Dansk EM-helt er blevet gift: ’En dag, jeg aldrig vil glemme’». www.bt.dk (på dansk). Henta 16. september 2022.
- ↑ «Landsholdsprofil vender retur til Brøndbys kvindehold». Midtjyllands Avis (på dansk). Henta 16. september 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Theresa Eslund» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2022.