Therese Bakkevoll
Therese Bakkevoll (fødd i 1975) er ein norsk forfattar frå Tromsø.[1] Ho har studert ved Litterär Gestaltning i Göteborg og ved Forfattarstudiet i Tromsø, og har hatt tekstar på trykk i fleire tidsskrift og antologiar, blant anna antologien Slutten på historia. Nye nynorske noveller[2] og Signaler.[1] Ho har også drive med slampoesi, som ho blei noregsmeister i i 2008.[3] Ho debuterte som romanforfattar med Tallboy i 2023.[4]
Therese Bakkevoll | |
Fødd | 1975 (49 år) |
Bibliografi
endre- Tallboy (Samlaget, 2023), ISBN 9788234003493
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Therese Bakkevoll», Samlaget, henta 20. juni 2024
- ↑ «Slutten på historia: nye nynorske noveller», Samlaget, henta 20. juni 2024
- ↑ «Therese Bakkevoll», Litteraturnett Nord-Norge (på norsk bokmål), henta 20. juni 2024
- ↑ «Therese Bakkevoll: Tallboy», Samlaget, henta 20. juni 2024