Thierry Omeyer (fødd 2. november 1976) er ein fransk tidlegare handballspelar frå Mulhouse. Han er fem gongar verdsmeister, to gongar olympisk meister og tre gongar europameister med det franske landslaget. På klubbnivå har han vunne EHF-meisterligaen med Montpellier i 2003 og THW Kiel i 2007, 2010 og 2012. Han er også ti gongar fransk meister og seks gongar tysk meister. Omeyer er målvakt. Han vart kåra til årets beste handballspelar i verda for 2008.

Thierry Omeyer


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 2. november 1976 (47 år)
Mulhouse
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, offiser av Den nasjonale fortjenstorden, Årets handballspelar frå IHF

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.