Thomas Jefferson National Accelerator Facility
Thomas Jefferson National Accelerator Facility (TJNAF), ofte berre kalla Jefferson Lab eller JLab, er eit fysikklaboratorium ved Newport News i Virginia i USA. Det har sidan 1. juni 2006 vorte operert av Jefferson Science Associates, LLC, eit prosjektsamarbeid mellom Southeastern Universities Research Association, Inc. og CSC Applied Technologies, LLC. Fram til 1996 vart det kalla Continuous Electron Beam Accelerator Facility (CEBAF) og dette namnet vert framleis ofte nytta om hovudakseleratoren.
Laboratoriet er særleg kjend for elektronakseleratoren. Maskinen byggjer på lineærakseleratorprinsippet og resirkulerer elektronstråla opptil fem gonger. Foreløpig vert det køyrd eksperiment med 4 GeV elektronstråle, men planen er å oppgradere til heile 12 GeV.
Kjelder
endre- Jefferson Lab(oratory). (17.09.2009) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Jefferson Lab(oratory)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Thomas Jefferson National Accelerator Facility» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Thomas Jefferson National Accelerator Facility, offisiell nettstad