Thor Bjørklund

norsk ingeniør

Thor Bjørklund (30. oktober 18898. desember 1975) var ein norsk oppfinnar og møbelsnikkar frå Lillehammer. Han er mest kjend for å ha funne opp ostehøvelen.

Thor Bjørklund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1889
Fåberg kommune
Død

8. desember 1975 (86 år)
Lillehammer

Yrke møbelsnekker, oppfinnar

Bjørklund irriterte seg over at han ikkje fekk så tynne skiver som han ville ha når han skar osten med kniv, og at osten blei øydelagd. Derfor begynte han å eksperimentere med ein snikkarhøvel i håp om å kunne lage noko liknande i eit format som passa på kjøkkenet. Han lykkast, og fekk 27. februar 1925 patent på reiskapen som i dag finst i dei fleste hushalda i Norden. I 1927 starta han firmaet Thor Bjørklund & Sønner, no Thor Bjørklund & Sønner AS. Firmaet produserer framleis ostehøvlar på Lillehammer.

Bakgrunnsstoff endre